Grunnlova §104
§104 slår fast at barn har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølv, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget. Den slår og fast at kva som er best for barnet skal vere eit grunnleggande omsyn ved handlingar og i avgjerder som vedkjem barn. Paragrafen bygger på sentrale bestemmelsar i FNs barnekonvensjon.
FNs berekraftsmål
FNs berekraftsmål er verdas fyrste felles arbeidsplan for å løyse dei store globale problema, som å utrydde fattigdom, fjerne ulikskap og stoppe alvorlege klimaendringar innan 2030. Dei består av 17 hovedmål og 169 delmål.
Herøy kommune tek del i arbeidet med berekraftsmåla i den kommunale planlegginga.
Nasjonal fagleg retningslinje for tidleg oppdaging av utsette barn og unge
Målet med denne retningslinja er å styrke oppdagar- og handlingskompetanse hos leiarar og tilsette i kommunen. Den rettar seg mot alle barn og unge, med mål om å nå dei utsette.
Retningslinja finn du her.
Opptrappingsplan for psykisk helse (Meld. St.23 (2022-2023))
At tenestene samarbeider på tvers, er ei av dei viktigaste kriteriane for gode tenester til barn og unge. Opptrappingsplanen har tre innsatsområde som kommunen skal følgje opp:
- helsefremmande og førebyggande psykisk helsearbeid
- gode og tilgjengelege tenester der folk bur
- tilbodet til personar med langvarige og samansette behov
At tenestene samarbeider på tvers, er ei av dei viktigaste kriteriane for gode tenester til barn og unge. Kommunane må nytte Helsedirektoratet sin rettleiar Tverrsektoriell veileder psykisk helse barn og unge.
Samarbeid om tenester til barn, unge og deira familiar
Her finn du ei nasjonal rettleiar for samarbeid om tenester til barn, unge og deira familiar. Rettleiaren beskriv og forklarar nærmare dei nye bestemmelsane om barnekoordinator, individuell plan og forsterka plikter til samhandling på tvers.
Andre statlege føringar og relevante dokument