Forsikringa gjeld under deltaking i undervisning, leik, idrettsutøving, ekskursjonar, reiser og liknande som skjer i regi av barnehagen, skulen eller SFO. Forsikringa gjeld også under reiser og arrangement som har karakter av klasseturar der skulen sine tilsette deltek. Elevane er også forsikra på direkte veg til og frå skulen og heimen.
NB! Skulen har ikkje forsikring som dekkjer skade på briller i ordinær leik og friminuttsaktivitetar. Skulen har ikkje erstatningsansvar for briller eller anna privat utstyr som vert skada eller øydelagt i vanleg leik, friminuttsaktivitetar eller på skulevegen. Kvar enkelt må sjekke forsikringsvilkåra i sine private innbo- og reise/fritidsforsikringar. Ein kan også teikne eigne brilleforsikringar.
Les meir om forsikringa her. (PDF, 173 kB)