Balansegruppe

Balansegruppe

Balansegruppa har oppstart kvart halvår, vår og haust. Treninga blir leda av fysioterapeut, og alle aktuelle deltakarar kallast inn til kartlegging og målsamtale med oppstart og avslutning av halvåret for å vurdere om gruppetreninga er riktig tiltak for den enkelte. Målsettinga er å forebygge og redusere risiko for fall gjennom auka styrke og balanse, og at du som deltek fortset med vidare trening på eiga hand når du er ferdig med gruppa. 

For å delta i gruppa:

  • Må du vere heimebuande
  • Klare å gå sjølv, med eller utan ganghjelpemiddel
  • Ha nedsett balanse og/eller styrke i beina
  • Tidlegare hatt fall eller vere engsteleg for å falle

 

Kva kostar det

Eigenandel for tilbodet betalast inntil frikort er oppnådd, i samsvar med takstplakat for fysioterapi. Eigenandel er per februar 2025 er 109 kroner per trening. 

Transport

Ved særskilt behov kan det ordnast transport via Pasientreiser. OBS! Du må då sjølv avlyse transporten om du blir forhindra i å delta.

Ønsker du å delta?

Meld interesse til kommunefysioterapeut Markus Skorpen på telefon 91 33 25 09.