Bli med på Ti på topp

Kreftkoordinator

Kreftkoordinator

Herøy kommune har eigen kreftkoordinator som kan tilby hjelp og støtte til både kreftsjuke,og andre med alvorleg sjukdom og deira pårørande. Koordinatoren kan gi råd, rettleiing og samtalar, og vere med på å sikre ei trygg og heilskapeleg omsorg i heimkommunen. Koordinatoren samarbeider tett med fastlegar og sjukehus.

Kven passar tenesta for?

Kreftkoordinator kan vere tilgjengeleg for kreftpasientar i ulike fasar av sjukdomen, for pårørande, helsepersonell og andre aktuelle.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis ta kontakt? 

Du kan ta direkte kontakt med kreftsjukepleiar på telefon eller epost. 

Kontakt

Mona Zahl Longva
kreftkoordinator
E-post
Mobil 99 21 00 14