Velferdsteknologi kan delast i fire kategoriar
- Tryggleik- og sikkerheitsteknologi
- Kompensasjons- og velværeteknologi
- Teknologi for sosial kontakt
- Teknologi for behandling og pleie
Lenke til meir informasjon om velferdsteknologi frå Direktoratet for E-helse.
Føremålet
Målet er å gi deg større tryggleik, meistring og sjølvstende i kvardagen. Velferdsteknologi kan gjere det lettare å bu heime lenger og vere aktiv. Løysingane kan også gi tryggleik for pårørande og bidra til god oppfølging og betre bruk av ressursane i helse- og omsorgstenestene.
Kva kan vi tilby?
GPS
GPS kan hjelpe med å finne att personar som har vanskar med å orientere seg eller finne vegen heim. Herøy kommune låner ut GPS til personar med demens eller andre aktuelle behov. Tilbodet kan gi større fridom og tryggleik utandørs. Vi har GPS som klokke og GPS til å ha i lomme eller rundt halsen. Einingane har alarmknapp for å tilkalle hjelp.
Behov og oppfølging blir vurderte individuelt. Vi avklarar kven som skal følgje opp varsel og lokalisering, og gir rettleiing om bruk og lading. Eventuelle oppgåver for pårørande blir avtalte særskilt.
Digital tilsyn
Herøy kommune bruker Guardian H10 og RoomMate til digitalt tilsyn. Sensorar kan registrere hendingar som gir behov for oppfølging, til dømes at ein person forlèt senga om natta. Kva som blir registrert og varsla, avheng av løysinga og den individuelle tilpassinga.
Digitalt tilsyn kan gi tryggleik og færre forstyrringar om natta. Det kan supplere fysiske besøk eller erstatte enkelte tilsyn når dette er vurdert som forsvarleg. Du får informasjon om kva utstyret registrerer, kven som har tilgang til opplysningane, og korleis tenesta følgjer opp.
Medisindispenser
Herøy kommune bruker Karie og Duo som elektroniske medisindispenserar. Ein medisindispenser gir påminning og gjer avtalt dose tilgjengeleg til rett tid. Dersom dosen ikkje blir henta ut, kan tenesta få varsel og følgje opp. Dispensaren kan ikkje stadfeste at medisinen faktisk er teken. Informasjon om medisindispenserane finn du her
Vi vurderer saman med deg om løysinga er eigna. Du får opplæring og informasjon om kven du skal kontakte ved feil eller behov for hjelp. Tilbodet blir vurdert på nytt dersom behova dine endrar seg.
Smartdør
Smartdør er i bruk ved to av kommunen sine langtidsinstitusjonar. Både bebuarar og tilsette kan bruke ei elektronisk brikke som nøkkel. Bebuarane har tilgang til si eiga dør, medan tilsette har tilgang til dei avdelingane dei arbeider ved og er tildelte tilgang til.
Tryggleiksalarm
Med ein tryggleiksalarm kan du tilkalle hjelp ved å trykkje på ein alarmknapp. Alarmen går til heimetenesta. Heimetenesta kontaktar deg direkte eller tek kontakt med pårørande, og følgjer opp med dei tiltaka som er nødvendige.
Kven kan få velferdsteknologi ?
Velferdsteknologi kan vere aktuelt for personar med ulike hjelpebehov, uavhengig av alder. Vi vurderer behova dine, kva nytte du kan ha av løysinga, og kva støtte du treng for å bruke henne. Du skal få medverke i vurderinga. Pårørande kan involverast når det er aktuelt. Du treng ikkje vite kva teknologi du treng før du tek kontakt.
Kva kostar det ?
Kva du eventuelt skal betale, avheng av kva behov tiltaket skal dekkje og kva teneste det inngår i. Kommunen kan berre krevje betaling når regelverket gir høve til det. Dersom teknologien blir vurdert som nødvendig helsehjelp så er tilbodet gratis. Andre tiltak kan innebere eigenandel fastsett av kommunestyret årleg.
Korleis søkjer du ?
Du søkjer via kommunen sitt søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Etter søknaden kartlegg vi behova dine og vurderer kva tilbod som er eigna. Per i dag er det kunn tryggleiksalarm ein kan søke på via søknadsskjemaet.