Bli med på Ti på topp

Borgarleg vigsel

Borgarleg vigsel

Går de med planar om giftarmål, og ynskjer borgarleg vigsel? Herøy kommune tilbyr vigsel på rådhuset eller andre stadar i kommunen etter avtale med dykk og vigslar.

Kven kan få tenesta?  

De kan få gifte dykk i kommunen både som innbyggar og besøkande så lenge begge fyller krava til ekteskap i Norge.

Dersom ein av brudefolket er registrert i folkeregisteret som busett i kommunen, plikter kommunen å tilby vigsle.

Kva kan du forvente?

Ønskjer de ei orientering før du søkjer, kan du ta kontakt med Serviceavdelinga. Har du bestemt deg, er det viktig at du leverer søknad til kommunen.

Når søknaden er levert vil de verte kontakta, 

I Herøy kommune kan desse utføre vigselen:

  • Ordførar
  • Varaordførar
  • Kommunedirektør Trond Arne Aglen
  • Kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy

Så langt råd er vil ein prøve å gjennomføre seremonien etter brudefolket sitt ønskje for stad og innhald i seremonien.

Kva kostar det?

Er ein av brudefolket busett i Herøy vil det vere gratis å gifte seg på rådhuset i opningstida. For vigsle utanom opningstid, og/eller dersom begge er tilreisande, har vi desse prisane: 

Borgarleg vigsle - betalingssats

Borgarleg vigsle - betalingssats
Vigsling laurdag, sundag og heilagdag: Vigsling av tilreisande
1500,- 1000,-

 

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Skal de gifte dykk er det viktig at de leverer søknad til kommunen i eige elektronisk skjema.

De må også levere søknad om prøvingsattest til skatteetaten. Kommunen må ha motteke denne frå dykk eller frå skatteetaten direkte før vigsle kan gjennomførast.

Skatteetaten har ein god hjelpar i ekteskapet steg for steg. Her kan du følgje den formelle prosessen for korleis ein inngår ekteskap i Noreg.

Når kan du vente svar?

Vigslar vil ta kontakt med dykk så snart som råd etter at søknaden er komen inn til kommunen. Vi vil gje dykk eit endeleg tilbakemelding når prøvingsattest er motteken.

Når vigsla er gjennomført vil de få kopi av ein midlertidig vigselattest. Endeleg vigselattest vert sendt ut av skatteetaten.

Anna som kan vere nyttig å vite for brudefolket:

  • Det er ekteskapslova og vedtak om formular for borgarleg vigsel som har lagt føringar for dei kommunale retningslinene og rutinene.
  • Skal brudeparet endre namn etter vigsel må ein Søke namneendring.

Kontakt

Dina Voldsund Djupvik
servicevert/konsulent
E-post
Mobil 46 85 13 26
Susann Fosnavåg
servicevert/Konsulent
E-post
Mobil 46 83 02 12