Bli med på Ti på topp

Tøming av septiktank

Tøming av septiktank

Eigedommar med innlagt vatn som ikkje har tilgang til offentleg avløpsnett, må etablere eigne private avløpsløysingar. Slike anlegg renser avløpsvatnet lokalt ved hjelp av for eksempel slamavskiljar, tett tank eller minirenseanlegg. Det er tvungen tøming av slamavskiljar.

Etablering av private avløpsløysningar er søknadspliktig. Tenesteleverandør for slamtøming er Franzefoss Gjenvinning.

Les om slamtømming på Søre Sunnmøre reinhaldsverk sine nettsider.

Kor ofte vert slamavskiljaren tømt

Bustader vert tømt kvart 2. år.

Fritidsbustader vert tømt kvart 4. år.

Treng du ekstratøming?

Tøming utanfor vanleg tømefrekvens vert rekna som ei ekstratøming som huseigar må betale sjølv. Ekstratøminga kan bestillast direkte hos Franzefoss Gjenvinning. 

Eigar bestemmer sjølv kven han vil bruke til å få utført ekstratøminga.

Når vert eigar varsla og korleis?

Eigar får tilsendt kort i god tid før slamtøminga vert utført.

Kva kostar det?

Slamgebyr 2024

Slamgebyr 2024
Slamtøming . Pris u/mva Pris m/mva
Tøming kvart 2. år Inntil 6 m3 1058,- 1 225,-
Tøming kvart 4. år Inntil 6 m3 490,- 612,5
Traktortøming, større slamavskiljarar samt tette tankar er prisen entreprenørs faktura med eit påslag på 25 %.

Kven kan få fritak

Eigedomar som står ubrukt over fleire år kan søke om fritak.

Huseigar sitt ansvar

Tanken skal vere tilgjengeleg før tøming. Det private avløpsanlegget skal tilfredsstille krava i forurensningsforskrifta kapittel 12.

Kontakt

Fred Arnesen
avdelingsleiar anlegg og drift
E-post
Mobil 48 89 75 70
Susann Fosnavåg
servicevert/Konsulent
E-post
Mobil 46 83 02 12