Røyste i heimenKan du ikkje møte fram i eit røystelokale fordi du er sjuk eller ufør? Då har du rett til å førehandsrøyste der du oppheld deg.Du treng ikkje å fortelje kvifor du ikkje kan møte fram i eit røystelokale. Berre gi oss beskjed om at du treng å røyste der du er (som oftast vil det vere i heimen).Gi oss beskjed så tidleg som råd. Torsdag 4. september klokka 12.00 er siste frist for å gi oss beskjed om at du treng å røyste der du er.Du kan gi beskjed på ein av tre måtar:ring oss på nummeret 70 08 13 00send e-post til postmottak@heroy.kommune.no send brev til Herøy kommune, postboks 274, 6099 FosnavågEtter at vi har fått beskjed frå deg, avtaler vi eit tidspunkt der du får røyste.Denne retten gjeld berre i førehandsrøysteperioden. På valdagen 8. september kan du ikkje røyste heime. Publisert 28.03.2025 12:44 Sist endra 28.03.2025 13:12