Torsdag: Kom på dialogmøte for næringslivet om framtidas Fosnavåg

Korleis legg vi til rette for byliv og møteplassar i sentrum? Bli med på dialogmøte torsdag 25. april!

Dronefoto av tursi over Fosnavåg - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Tid: Torsdag 25. april 2024 klokka 14.00–16.30

Stad: Thon Hotel Fosnavåg

Alle interesserte i næringslivet er varmt velkomne til dialogmøte om utvikling av Fosnavåg. 

Det blir 

  • innlegg om aktuelle tema
  • drøfting i plenum
  • refleksjonar om tidligare innspel

Sjå også flygebladet om møtet (PDF, 21 MB).

Nokre problemstillingar er:

  • Korleis skal Fosnavåg utviklast i framtida?
  • Korleis skal sentrum bli avgrensa og fylt med innhald? 
  • Kva med parkering og køyremønster? 
  • Kva med byliv og møteplassar, planar og arealbruk? 
  • Korleis realiserer vi ein utviklingsplan?

Dialogmøtet er ein del av arbeidet med å lage utviklingsplanen for sentrum, eit arbeid som skjer på oppdrag frå dei folkevalde i kommunen og med pengar frå fylkeskommunen.

Civitas og KIMA arkitektur arrangerer møtet for Herøy kommune.