Byutvikling i Fosnavåg

Byutvikling i Fosnavåg

Følg utviklingsprosjektet i Fosnavåg.

Bakgrunnen for byutviklingsprosjektet

Herøy kommune vedtok i 2014 å delta i Fylkeskommunen sitt tettstadsprogram, og som en del av tettstadsprogrammet gjennomførte Herøy kommune eit parallelloppdrag første halvår av 2015. Tverrfaglege arkitektgrupper gav gode innspel til korleis Fosnavåg sentrum kan utviklast som ein attraktivt berekraftig stad. Fosnavåg har, som ein del av ei sterk maritim klyngje, alle føresetnadar for å vere det maritime kommunesenteret der berekraftige og innovative løysingar vert lyfta fram.  

Herøy kommune ynskjer at Fosnavåg skal vere det naturlege senteret som vert nytta aktivt av både innbyggjarar, arbeidande og besøkjande. Vi ynskjer å legge til rette for auke tal på innbyggjarar i Fosnavåg sentrum og i kommunen samla sett. Vi ynskjer også å auke antal besøkjande gjennom heile året. For å løyse dette må vi skape eit attraktivt sentrum for alle med gode møteplassar og gje folk ein grunn til å kome til Fosnavåg for både handel og oppleving.  

Herøy kommune ynskjer å følgje opp sluttrapporten frå parallelloppdraget «Byutviklingsprosjekt for Fosnavåg», heretter kalt sluttrapporten, og «Sentrumsvisjon – bærekraftig sentrumsutvikling Fosnavåg», heretter kalt sentrumsvisjonen. Sluttrapporten og sentrumsvisjonen finn du nedst på sida. 

Utviklingsplan for Fosnavåg sentrum er godkjent!

Kommunestyret vedtok 26.09.2024 at utviklingsplanen for Fosnavåg sentrum skal vere styringsdokument for utviklinga av Fosnavåg sentrum. Kommunestyret har bedt kommunedirketøren om å starte opp følgjande prosjekt: 

  • områderegulering av Fosnavåg sentrum. 
  • søkje fylkeskommunen om midlar til ein sentrumskoordinator, og sikre restfinansiering frå næringslivet. 
  • arbeide vidare med å etablere ein samarbeidsavtale/ei arbeidsgruppe mellom Herøy kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Herøy næringsforum, Fosnavåg handelsforeining og Herøy ungdomsråd for å fylje opp og vidareutvikle Utviklingsplan for Fosnavåg sentrum. 
  • innføre korttidsparkering i sentrum med tilhøyrande skiltplan og søkje om å bli parkeringskommune. 
  • søkje fylkeskommunen om å sette ned fartsgrensa i alle sentrumsgater, på fylkesveg 654/5878 gjennom sentrum, eventuelt berre mellom Hennabakken og Kleivaneset, og i sentrumsnære bustadområde. 
  • lage ein forvaltningsplan for Gjerdet for å utløyse midlar frå fylke og stat for å ivareta kulturminna og utvikle området til Gjerdet friluftsmuseum på sikt. 
  • Kommunestyret viser til Råd for menneske med nedsett funksjonsevne til tilråding og inviterer dei til å vere med i arbeidsgruppe for Utviklingsplan.

 

Oppstart for utarbeiding av områderegulering Fosnavåg 

Herøy kommune inngjekk avtale med Norconsult Norge AS i mai 2025 om utarbeiding av områdeplan for Fosnavåg sentrum. Planleggingsarbeidet har starta opp med innleiande informasjonsinnhenting og synfaring. Det er gjennomført trafikktellingar som skal nyttast i trafikkanalysen og  det er gjort vurderingar av områdestabilitet.

 

I arbeidet med utforming av planforslaget har det i første fase vore fokusert på å finne ut korleis det skal tilretteleggast for ulike trafikantgrupper. Utviklingsplanen viser nokre prinsipp for både gåande, syklande, kollektiv og biltrafikk. Desse vert no testa ut i detalj av Norconsult sine fagpersonar. Etter ferien vil forslaga bli gjennomgått med Møre og Romsdal fylkeskommune, som har ansvaret for hovudvegen gjennom sentrum. Når dei trafikale løysingane er på plass vil vi ha eit godt rammeverk for vidare arbeid med arealbruken.

 

Det er også utarbeidd mål for områdetplanen og desse vart gjennomgått og justert i møte i samfunnsutvalet 3. juni, sjå figur nedanfor.

Mål for områdereguleringsplan for Fosnavåg

 

Dersom du har planar for din eigedom i sentrum som vi bør ta omsyn til i det vidare planarbeidet, ta kontakt med kommunen. Vi vil elles ha jamnelege oppdateringar på denne nettsida, så følg med.

Synfaring på oppstartsmøte områdereguleringsplan for Fosnavåg Norconsult Synfaring på oppstartsmøte 2 Norconsult

 

Dokument om byutviklingsarbeidet:

Du kan også lese meir om arbeidet med byutvikling i Fosnavåg i arkivet til kommunen.