Ny rektor: – Eg likar å utfordre og utvikle meg sjølv

Veronika Djupvik er tilsett som rektor ved Leikanger skule.

portrett av Veronika Djupvik - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Ho har jobba ved skulen sidan hausten 2016 og kjem frå stillinga som lektor.

– Til sommaren har eg altså jobba ved Leikanger skule i åtte år. I stillinga som rektor ser eg fram til nye utfordringar. Eg synest det er spennande og viktig å drive utviklingsarbeid, og eg likar å utfordre og utvikle meg sjølv, seier Djupvik.

Ho er utdanna grunnskulelærar, har master i undervisning og læring – og er også utdanna lærarspesialist i begynnaropplæring.

Djupvik fyller snart 33 år og bur i Ulsteinvik med sambuaren. På fritida er ho blant anna instruktør på gruppetimar hos Aktiv trening.

– Og eg likar godt å gå fjellturar, fortel ho.

Vi gratulerer hjarteleg med rektorjobben!