Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Beredskapsteam mot mobbing

Beredskapsteam mot mobbing

Herøy kommune har beredskapsteam mot mobbing. Beredskapsteamet kan bistå elev og føresette som opplev å ikkje få den hjelpa og støtta ein har rett på i saker som omhandlar utrygt læringsmiljø.

Kva gjer beredskapsteamet mot mobbing?

Alle elevar har rett til eit trygt og godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring (Opplæringslova §9A-1). Beredskapsteamet skal fungere som eit sikkerheitsnett dersom skulen eller barnehagen sine rutiner for å trygge skulemiljøet ikkje er verksett eller om tiltaka skulen har sett inn ikkje har hjelpt.

Beredskapsteamet skal:

  • Bistå barn, ungdom og føresette som opplev at dei ikkje får den hjelpa og støtta dei har krav på frå skule/barnehage i høve utrygt skulemiljø og mobbing.
  • Hjelpe skulen eller barnehagen å løyse vanskelege mobbesaker, men det er framleis skulen som har ansvaret for at saka blir løyst.
  • Gi råd og rettleiing, men ikkje overta skulens ansvar. Teamet kan kontakte skulen, undersøke saka og vurdere behov for tiltak.
  • Bistå skule og barnehage med råd og rettleiing.
  • Koordinere arbeidet i dei sakene som meldast inn, men det er skulen eller barnehagen som utfører det konkrete arbeidet.
  • Teamet arbeider også førebyggjande mot mobbing og for eit godt psykososialt skulemiljø, gjennom kompetanseheving, kurs og dialog med skulane, og kontakt med andre instansar i kommunen.

Beredskapsteamet består av fagleiar oppvekst, PP-leiar og PP-rådgjevarar.

Beredskapsteamet har teieplikt.

Kven kan kontakte beredskapsteamet?

Elevar, føresette i barnehage og skule, ansette i barnehage og skule, og andre instansar og hjelpeapparat kan ta kontakt med beredskapsteamet.

Kva skjer når du har kontakta beredskapsteamet?

  • Den som melder saka inn til beredskapsteamet, blir kalla inn til eit møte med representantar frå beredskapsteamet så snart som råd.
  • Om saka ikkje er meldt inn i samarbeid med skule eller barnehage, tar beredskapsteamet straks kontakt med dei og innhentar naudsynt informasjon om saka.
  • Beredskapsteamet lagar ein framdriftsplan som skildrar korleis saka skal behandlast vidare i samarbeid med barnehagen/skulen og føresette, barnet eller ungdommen.
  • Beredskapsteamet skal bistå i saka heilt fram til situasjonen igjen opplevast som trygg og god for barnet eller ungdommen. Om saka ikkje blir løyst skal Statsforvaltaren koplast inn.

Slik kontaktar du beredskapsteamet

Du kan ta kontakt med skulen, oppvekstkontoret eller PP-kontoret. Tenesta er gratis.

Når meldar du til Statsforvaltaren i ei mobbesak

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Om du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Om skulen ikkje hjelp til, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren.

Nyttige lenke

Kontakt

Hilde Beate Hestås
avd.leiar grunnskule/PPT
E-post
Mobil 97 54 24 22