Lokal kampanje: 4 tips til 65+

UFO - Ungdomsfritidsordning

UFO - Ungdomsfritidsordning

Skal du på ein aktivitet etter skuletid, men det er lenge å vente? Ta deg ein tur innom UFO på fritidsklubben då vel.

Du kan spele biljard, du kan kjøpe deg billig, sunn og god mat i kiosken. Du kan chille på hjarteromet og spele på speleromet. Eller rett og slett gjere leksene dine.

UFO er ein gratis møteplass for 6. til 10. klasse. Ungdomsfritidsordninga skal legge til rette for at målgruppa har ein trygg og kjekk plass å vere etter skuletid/før fritidsaktivitetar.

UFO har ope måndag til fredag frå klokka 13.00 til 16.00.

Tilbodet har base på fritidsklubben ved Herøy kulturhus og der er fleire vaksenpersonar som arbeider ved fritidsklubben som er tilstades i opningstida.

Kontaktifo:

Tlf: 46 88 12 81

Sjå film om UFO her: