27. februar: Folkemøte om massane frå Fosnavåg hamn

Kvar skal massane frå hamna i Fosnavåg plasserast? Det kan du seie di meining om på folkemøtet 27. februar.

utsikt over Fosnavåg hamn - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

29. februar skal kommunestyret avgjere saka om kvar massane frå Fosnavåg hamn skal plasserast.

Før kommunestyremøtet blir det halde eit ope folkemøte. Der er alle interesserte velkomne.

Tid og stad for folkemøtet:

  • tysdag 27. februar klokka 18.00
  • kommunestyresalen på Herøy rådhus

Klikk her for å sjå tv-overføringa av folkemøtet (direkte).

På folkemøtet vil innbyggarane få

  • god informasjon om utdjuping av Fosnavåg hamn som fiskerihamn og om val av deponiløysing
  • høve til å seie si meining til dei folkevalde

Dette er dei fire alternativa som er utgreidde – og som kommunestyret skal velje mellom når dei skal avgjere kvar massane skal plasserast:

  • Holmefjorden
  • Leinevika
  • Kyrkjegardsvika
  • Hansvika

Utval for samfunnsutvikling behandla saka 14. februar. Utvalet ønsker spesielt fokus på alternativa Holmefjorden og Leinevika.

Les meir om saka og sjå saksdokumenta her.

Vel møtt!