275 000 kroner til sosiale juletiltak i Herøy

Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre gir ei stor førjulsgåve som blir fordelt gjennom frivilligsentralane.

tre personar med ein gåvesjekk - Klikk for stort bileteFrå venstre: dagleg leiar Arne Lothe i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre, dagleg leiar Britt Paulsen ved frivilligsentralen i Herøy, styreleiar Arild Hatløy i sparebankstiftinga. Svein Arne Orvik

– Dette vil bety mykje for mange, seier dagleg leiar Britt Paulsen ved frivilligsentralen i Herøy.

Sparebankstiftinga løyver til saman 1,5 millionar kroner via frivilligsentralane i dei sju kommunane på søre Sunnmøre. Pengane skal gå til matkasser, gode klede og arrangement i samband med jul.

Herøy får 275 000 kroner. Pengane vil gå vidare til

  • sanitetsforeininga, «Klede til glede» og kyrkja, som deler ut matkasser og julegåver til barna
  • opa julefeiring for alle på Kjeldsund

Støttar allmennyttige formål

Den rause gåva blei presentert på Herøy frivilligsentral onsdag av styreleiar Arild Hatløy og dagleg leiar Arne Lothe i stiftinga. Leiarane for frivilligsentralane i alle kommunane var samla der – og dei takka varmt for gåva.

– Det er rørande å få gi pengane til nokon som treng det så mykje, sa Arild Hatløy. 

ei gruppe personar med ein gåvesjekk - Klikk for stort bileteFrivilligsentralane i dei sju kommunane på søre Sunnmøre møtte representantane frå sparebankstiftinga onsdag. Svein Arne Orvik

Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre støttar allmennyttige formål. Visjonen til stiftinga er «Saman skapar vi engasjerte lokalsamfunn».

Stiftinga blei etablert tidlegare i år i samband med fusjonen mellom SpareBank1 Søre Sunnmøre og SpareBank1 SNM. Stiftinga disponerer tildelt overskot frå SpareBank1 SMN og overskot frå den finansielle forvaltinga til stiftinga.