30. juni: Velkomen til pop-up på Fosnavåg Brygge!

Når cruiseskipet legg til kai på Mjølstadneset, nyttar vi høvet til å skape liv i sentrum med ein ny pop-up – denne gongen inne på Fosnavåg Brygge.

Kanelia serverer sine himmelske kanelbollar frå klokka  10.

Herøy Produksjon stiller ut og sel flotte, handlaga produkt.

Teiknebord for både små og store – slipp fantasien laus.

Inspirasjonshjørne – kom og del idéar til kva vi kan få til i lag her lokalt i sommar.