7. mai: Folkemøte om kryssing av Nørdre Vaulen

Fylkeskommunen inviterer til folkemøte på Remøy og Sævik bedehus.

eit flyfoto over Nørdre Vaulen med ei innteikna, stipla linje - Klikk for stort bilete Møre og Romsdal fylkeskommune

Temaet for møtet er historikk i prosjektet, vedtaket i fylkestinget og det vidare arbeidet som skal skje i samband med kryssinga av Nørdre Vaulen.

Tid: onsdag 7. mai klokka 19.30

Stad: Remøy og Sævik bedehus

«Prosjektleiar Ragnhild H. Relling og Planleggingsleiar Mads W. Brevik vil vere til stades for å forklare situasjonen og svare på spørsmål. Vi oppmodar alle som er berørte eller interesserte i prosjektet til å delta. Vi ser fram til ein konstruktiv dialog», skriv fylkeskommunen.

Les meir om saka her.