To politiske møte som har stått på møtekalenderen til kommunen er avlyst.

 

Elevar og tilsette ved Bergsøy skule Borga har vore plaga med ubehageleg lukt i delar av bygget siste veka. I samråd med kommuneoverlegen er difor delar av underetasjen avstengt medan vi undersøker årsaka til lukta og gjennomfører tiltak. 

 

Planen gjeld prioritering av utbygging av kommunale avlaupsanlegg i perioden 2019-2021. I dokumenta finn du forslag til prioriteringsliste og invensteringar som skal gjerast i åra framover vedkomande avlaup.

Bergsøy skule, avd. Borga var i dag innom rådhuset med appell der fokus var redd miljøet! Ein godt førebudd gjeng som også framover vil arbeide med miljøsaka.

Elevar ved Ytre Herøy ungdomsskule demonstrerte i dag for miljøet. Elevane hadde sjølve organisert demonstrasjonen. Dei som ikkje var med på demonstrasjonen hadde vanleg undervisning.

I samband med innspeling av ein reklamefilm for Biotherm er det gitt løyve til å bruke parkeringsplassen i enden av Mulevikvegen i samband med filmproduksjonen. Det er også gikk løyve til å stenge deler av vegen i samband med produksjonen.

 

Måndag 11. mars signerte ordføraren kontrakt med Prosjektbygg AS om bygging av fleirbrukshall ved Einedalen skule. Kontrakt  vart signert under kyndig påsyn frå elevrådet. Video frå signering av kontrakt kan du sjå nedanfor.

 

Herøy kommune gjennomførde samordna barnehageopptak 8. mars 2019. Samordna barnehageopptak vil sei at alle styrarane og seksjonsleiar barnehage går gjennom alle søknadane og tildeler plass  der det er muleg. På denne måten sikrar ein at ein samarbeider om opptaket og sikrar likebehandling av barn og likebehandling av kommunale og private barnehagar. Det vert lagt stor vekt på brukarane sine ynskjer og behov.

 

Onsdag 6. mars møttest  pedagogar i skule og barnehage for å vere i dialog om korleis få til ein god overgang frå barnehage til skule for 5-6 åringane. Samlinga var på Einedalen skule.

 

Myrsnipa barnehage er blitt ein livsgledebarnehage, og vi skal spreie livsglede for dei eldre på Myrvåg omsorgssenter.