– Alle skal kjenne seg trygge i Herøy
Denne veka flaggar vi med prideflagget frå Herøy rådhus i høve festivalen Bygdepride.
Svein Arne Orvik
– Vi flaggar som eit uttrykk for at i Herøy skal alle kjenne seg trygge. For oss som kommune er det viktig å vise respekt for at folk er ulike. Her er alle velkomne og like mykje verde, seier varaordførar og fungerande ordførar Karl-Oskar Sævik.
Inkluderande lokalsamfunn er eit av satsingsområda i kommuneplanen til Herøy.
– Vi ønsker lukke til med Bygdepride! seier Sævik.
Publisert 06.05.2025 12:44
Sist endra 06.05.2025 13:00