Årsrapport: – Uroleg verdsøkonomi gir hardt pressa kommuneøkonomi

– Kommunen yter gode tenester og satsar for framtida. Men ringverknadene av krigen i Ukraina gjorde at vi i fjor hadde større utgifter enn inntekter, seier kommunedirektør Trond Arne Aglen om årsrapporten for 2022.

ei gruppe personar under julelys i sentrum - Klikk for stort bileteI Fosnavåg samarbeidde frivillige, handelsforeininga og kommunen om å pynte med julelys i november 2022. Svein Arne Orvik

– Eg opplever at Herøy er ein stolt kommune, med dyktige tilsette og ambisiøse politikarar, som tør og vil legge til rette for vekst og utvikling, seier Aglen.  

Store løft  

Han viser til fleire store løft som kommunen tok gjennom fjoråret, både planlagde og uplanlagde.

– I fjor vedtok kommunen ny samfunnsplan og klimaplan, to svært viktige, overordna styringsdokument. Dei gir retning for utviklinga av kommunen dei neste tiåra, kommenterer Aglen.

– Vi tok imot og busette heile 79 flyktningar i 2022. Det har vore ein enorm innsats frå heile kommunen, seier kommunedirektøren.

– Nye kaier i Fosnavåg næringspark og regulering av nytt næringsareal i Paradisbukta bidreg til å legge til rette for vekst og næringsutvikling. Det gamle bygget i Nedre Dragsund er modernisert og har fått nytt liv, seier han.

Inflasjon, prisauke, svekt avkastning

Årsrapporten viser at kommunen i 2022 hadde eit negativt driftsresultat på 18 millionar kroner. Kommunedirektøren trekker fram fleire årsaker til at utgiftene vart større enn inntektene:

– Auka inflasjon, høge straumrekningar, auka prisar på varer og tenester og svekt krone påverka driftskostnadene. Samstundes blei avkastninga på børsane svekt, seier Aglen. 

Det negative driftsresultatet vart dekt opp med midlar frå bundne driftsfond og frå disposisjonsfond. 

I dei komande vekene skal dei folkevalde behandle årsrapporten til kommunen. Først ut er kontrollutvalet, som har møte 31. mai.

Klikk her for å lese årsrapporten til Herøy kommune for 2022.