Bli brukarrepresentant og gi oss råd

Er du brukar i pleie- og omsorgstenesta – eller pårørande? Grip sjansen til å bli med i brukarutvalet vårt.

eit møtebord sett i fugleperspektiv - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Kva er brukarutvalet?

Brukarutvalet er sett saman av representantar for brukarane og representantar for pleie- omsorgsavdelinga. Dei møtest til likeverdig samarbeid. Utvalet skal sikre at brukarane får vere med på å utvikle tenestene.

Brukarutvalet har tre møte i året. I møta får brukarrepresentantane gi råd om korleis tenestene bør drivast og utviklast.

Her er nokre døme på kva brukarutvalet kan ta opp:

  • kvaliteten og ressursane i tenestene
  • opningstider og besøkstider
  • dagsaktuelle tema i avdelinga, nærmiljøet eller kommunen

Brukarutvalet behandlar ikkje individsaker (saker om tilbodet til enkeltpersonar eller personalsaker).

Avdelingsleiaren for pleie og omsorg er sekretær i møta i brukarutvalet. Avdelingsleiaren informerer utvalet for helse og omsorg om kva saker brukarutvalet har tatt opp.

Kven kan vere brukarrepresentant?

Brukarrepresentantane kan vere brukarar sjølve eller pårørande til brukarar.

Kva ser vi etter?

Vi treng no desse representantane:

  • for brukarane ved Myrvåg omsorgssenter: ein representant og ein vararepresentant
  • for brukarane ved Herøy omsorgssenter: ein representant og ein vararepresentant
  • for brukarane i heimetenesta i ytre Herøy: ein representant og ein vararepresentant

Korleis melder du deg?

Ta kontakt med ein av desse for å melde deg som brukarrepresentant: