Bli med å lag julekrans på Svingen
Adventstid nærmar seg, og vi på Svingen gler oss til å pynte til jul. Vi inviterer dei som har lyst til å vere med på å lage julekrans!
Pixabay
Vi har ein frivillig som vil vise korleis ein bind kransar og deler gode tips for å få eit fint resultat. Vi stiller med greiner og utstyr til kransane som skal pryde Svingen.
Tid og stad:
Svingen
Tysdag 25.november
Kl.13.30 – 15:00
Praktisk informasjon:
Vi har greiner og basisutstyr til kransane som skal brukast på Svingen
Vil du lage ein krans til å ta med heim? Ta med ditt eige materiale.
Dette er ei fin anledning til å lære noko nytt, vere kreativ og kome i julestemning. Alle er velkomne til å bli med!
Publisert 24.11.2025 14:40
Sist endra 24.11.2025 14:40