Bli med og bygg framtida: Spennande stillingar er ledige

Vi søker økonom, digitaliseringsleiar og HR/HMS-konsulent. Bli med oss på å utvikle stadig betre tenester!

Fosnavåg sett frå lufta - Klikk for stort bileteFår du ein av jobbane, får du arbeidsstad i fine Fosnavåg. Svein Arne Orvik

Kan du tenke deg å jobbe i ein svært allsidig organisasjon som yter tenester for nær 9000 innbyggarar? Vil du vere med på å finne nye arbeidsmåtar for å løyse eit stort samfunnsoppdrag? 

Då bør du sjekke ut dei ledige stillingane i sektoren for verksemdstyring.

Til saman er vi over 1100 tilsette i Herøy kommune. Verksemdstyring er navet i organisasjonen og staben til kommunedirektøren.

Behova til innbyggarane

Verksemdstyring har ei nøkkelrolle i å legge til rette for dei tre andre sektorane: helse og omsorg, kultur og oppvekst, samfunnsutvikling.

Korleis møter vi best behova til innbyggarane og krava i lovverket? Korleis jobbar vi mest mogleg effektivt med å skape gode tenester? Stillingane vi no lyser ut, blir viktige når vi søker svar på desse spørsmåla.

Sjå utlysingane nedanfor og kontakt oss for å få vite meir. 

Og om jobbane ikkje er aktuelle for deg: Tips gjerne andre som kan vere interesserte!

Ledig stilling: Økonom

Vi ser etter deg som er god på å samhandle for å utvikle gode arbeidsprosessar. Du tek initiativ og har blikk for både dei store linjene og dei viktige detaljane.

Les meir om stillinga som økonom.

Ledig stilling: Digitaliseringsleiar

Vil du leie arbeidet med å digitalisere kommunen, slik at vi utviklar stadig betre tenester? Vi søker ein pådrivar og lagspelar som er nysgjerrig på kva behov tenestene våre har.

Les meir om stillinga som digitaliseringsleiar.

Ledig stilling: HR/HMS-konsulent

Har du god organisasjonsforståing – og likar du å arbeide med menneske på tvers av organisasjonen? Søk om du likar å arbeide med system og å skape system.

Les meir om stillinga som HR/HMS-konsulent.