Bli med på pårørandeskule

Gruppeleiarane for pårørandeskulen samla. - Klikk for stort bileteGruppleiarane til pårørandeskulen er klare. Svein Arne Orvik

Det er klart for «Pårørandeskulen 2023». Har du omsorg for eller er nær ven med ein med demens? No kan du melde deg på.

- Undersøkingar viser at pårørande til personar med ein demenssjukdom har eit behov for kunnskap, hjelp og støtte når det gjeld det å vere pårørande, seier Janne Smoge Sævik.

Pårørandeskulen startar opp 20. september og det vert samlingar annan kvar onsdag utover hausten. Samlingane startar klokka 18.00 kvar gong og varer i omlag to timar. Kvar gong er samlingane ved Blåtunet aktivitetssenter på Eggesbønes.

Program og dagar i haust

20. september

  • Velkomsthelsing, ved pleie og omsorgsleiar Gry Dragsund Vike
  • Ulike typar demenssjukdomar, ved lege  Bjørn Martin Aasen

4. oktober

  • Kommunikasjon, ved fagkoordinator demens og psykiatriteamet Janne Smoge Sævik

18. oktober

  • Aktuelle tenestetilbod for personar med demenssjukdom, ved kommunalsjef for helse og omsorg Gro-Anette Frøystad Voldsund
  • Tilrettelegging, hjelpemiddel og velferdsteknologi, ved ergoterapeut Kathrine T. Eikenæs
  • Demenskoret i Ulstein, ein liten tilstandsrapport etter eitt års drift
  • Info om Søre Sunnmøre Demensforeining, ved Kamilla Grimstad Hagen, demenskoordinator i Hareid

1. november

  • Film: «Jakten på gode øyeblikk» (37 minutt)
  • Sorg og tap, ved prest Jens Terje Johnsen

15. november

  • Verge og framtidsfullmakt, ved Eilin Reinaas, jurist

Påmelding

Frist for å melde seg på: 15. september 2023.

Du melder deg på ved å sende e-post til janne.smoge.savik@heroy.kommune.no eller SMS til 908 10 740.