Blir seksjonsleiar i bu- og habiliteringsavdelinga

Hildegunn Svastuen byrjar 1. oktober som leiar for ein av dei tre seksjonane i avdelinga.

portrett av Hildegunn Svastuen - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Seksjonen ho skal leie har ansvaret for omsorgsbustadar og avlastingstilbod til barn.

Svastuen er i dag miljøterapeut i bu- og habiliteringsavdelinga. Ho er utdanna barnehagelærar frå Høgskulen i Volda og har vidareutdanning som rettleiar.

– Svært givande

– Eg gler meg til å ta fatt på jobben. Det er svært givande å arbeide innanfor bu- og habiliteringsfeltet. Arbeidet gir meg høve til å bidra til at pasientane og familiane deira får betre livskvalitet. Og eg gler meg over å få jobbe saman med dyktige kollegaer, seier Svastuen. 

Til Herøy i 1993

Ho er opphaveleg frå Vanylven og flytta til Herøy i 1993 for å gå vidaregåande skule.

Svastuen bur på Myklebust med sambuaren, hunden og katten. Ho har to vaksne barn og tre barnebarn.

– Fritida mi går til å vere i lag med familien. Elles er eg veldig glad i å gå tur i fjell og mark og å vere saman med venner, fortel ho.

Vi gratulerer med den nye stillinga!