Desember er høgsesong for bustadbrannar: Hugs å sjekke røykvarslaren

Røykvarslardagen 1. desember er ei viktig påminning om å ta brannsikkerheita på alvor når vi går inn i ei tid på året der det tradisjonelt brenn meir enn elles.

ein mann med ein brannvarslar - Klikk for stort bileteBrannsjef Frank Steinsvik oppmodar alle om å sjekke røykvarslarane. Lene Utseth

Herøy brann og redning rykte ut til tre bustadbrannar i fjor. Desember er månaden der det oppstår flest brannar i norske heimar. Difor er brannsikkerheit i jula eit viktig tema og det er viktig at røykvarslaren fungerer.

Røykvarslerdagen er ein landsomfattande kampanje som går av stabelen 1. desember kvart år. Det er Brannvernforeningen, DSB og Gjensidige forsikring som står bak kampanjen sentralt. Herøy brann og redning bidrar til å setje fokus på den viktige bodskapen.

– Om røykvarslarane fungerer slik dei skal, så må dei høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, òg når døra mellom romma er lukka. Alle må ha minst ein røykvarslar i kvar etasje. Dei fleste har fleire varslarar, og då tilrår vi at dei er seriekopla slik at om ein pip, så pip alle. I tillegg til 1. desember, bør du teste røykvarslarane dine jamleg, også etter at du har vore borte i ei veke eller meir, seier Lene Utseth som jobbar med førebyggande brann.

Ta ansvar for dei nærmaste

Brannstatistikken viser at det er nokre risikoutsette grupper som er meir utsette og sårbare om ein brann inntreff. Det er blant anna eldre og personar med nedsett funksjonsevne.

– Mange av desse vil ha vanskeleg for å sjekke røykvarslarane sjølve, og vi oppfordrar difor alle som har moglegheit til å hjelpe dei ein kjenner som kan tenkjast å slite med dette, Lene Utseth.

På sidene til røykvarslardagen finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar brannsikkerheita i heimen.

Fakta om røykvarslarar og brannsikkerheit

• Har du nok røykvarslarar? Ein undersøking frå Ipsos viser at 5 prosent av befolkninga ikkje har, eller er usikre på om dei har, røykvarslar. Det svarar til opptil 200 000 personar.

• Kvifor røykvarslar? Røykvarslaren er heimens viktigaste livreddar, og ein enkel måte å auke brannsikkerheita på.

• Krav til røykvarslar: Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen må kunne høyrast tydeleg i opphaldsrom og soverom, òg når dørene mellom romma er lukka.

• Plassering av røykvarslar: På høgaste punkt i taket, og minst ein halvmeter ut frå veggen.

• Levetid og godkjenning: Røykvarslarar bør bytast ut etter 8-10 år. Sjekk produksjonsdatoen på baksida. Forhandlarar er ansvarlege for at røykvarslarane i sal er produsert i samsvar med regelverket. Sjekk at varslaren er CE-merka.

• Bruk seriekopling: Seriekopla røykvarslarar sikrar at alle varslar samstundes i heile bustaden.

• Røykvarslarar er EE-avfall: Gamle og brukte røykvarslarar skal ikkje kastast i søpla, men kan leverast gratis til forhandlarar og til din lokale gjenvinningsstasjon.