Asveig Kvalsund (t.v) og Oddbjørg Kvalsund er pådrivarar i arbeidet.
Sissel Reite
Kvalsundklubben starta allereie før jul for å gjere det koseleg for pasientar, pårørande og tilsette. Då inviterte blå seksjon til julefest, med sal av lodd. Desse pengane har vorte brukt på nye utekrukker, mold, sommerblomster og staudar.
Fleire av dei tilsette kom for å bidra på fritida si, noko vi er veldig takknemlege for. Vi vil også takke familiemedlemmer, både store og små, for god hjelp. Dette har vore heilt fantastisk.
Ingen dugnad utan god mat og drikke, så vaflar og grilling stod på menyen. Det vart ein koseleg dag med god mat og sosialt samvær.
Oddbjørg og Asveig, som representerer Kvalsundklubben, er pådrivarar for å gjere sitt til at blå seksjon skal være ein god heim og ein god arbeidsplass. Tusen hjarteleg takk til alle som bidrog til at denne dagen vart ekstra innhaldsrik, og til stor glede for pasientar og tilsette.