Einedalen skule feirar to nye fagarbeidarar

Sofie Sørdal Brekke og Isabela Selvåg Bøe har gjennomført og bestått fagprøve i barne-og ungdomsarbeid.

Isabela og Sofie  - Klikk for stort bileteNye fagarbeidarar

Isabela har vore lærling ved Einedalen skule i 2 år og Sofie har hatt eitt år i barnehage, før ho tok siste året her hos oss. Sofie har også tilbragt tre månedar i Tyskland på utveksling i byen Erfurt, gjennom Erasmus-programmet. 

Begge to har plan om å ta påbygg frå hausten av. Vi ønsker dei lykke til!