Fredag byrjar den nye sjukeheimslegen vår

Margaret Hauderowicz skal jobbe ved Herøy omsorgssenter og Myrvåg omsorgssenter.

Portrett av Margaret Hauderowicz - Klikk for stort bilete privat

Ho kjem til Herøy frå Vik i Sogn, der ho har vore fastlege, sjukeheimslege og helsestasjonslege dei siste 25 åra. Hauderowicz byrjar som sjukeheimslege hos oss 1. desember. 

– Eg håpar å få bruke erfaringane mine i den nye jobben, men er også open for å lære noko nytt, seier ho. 

Hauderowicz er opphaveleg frå Polen og avslutta studia sine i Tyskland, på Freie Universität Berlin. Ho jobba på sjukehus og som allmennlege i Berlin. Etter ti år i Tyskland flytta ho med familie til Noreg, og her har dei blitt buande.

– Utanom jobb er det friluftsaktivitetar som interesserer meg. Fjellturar om sommaren eller om vinteren, på ski, er alltid gøy. Klatring, kajakkpadling, segling og sykkelturar er midt i blinken. Er det svært dårleg ver eller mørkt, likar eg mest å lese, fortel ho.

Elles er ho engasjert i Røde Kors, der ho blant anna har vore med i hjelpekorpset og hatt påskevakt i fjellet.

Vi ønsker Hauderowicz hjarteleg velkomen til Herøy kommune!