Herøy kommune
Grunngjevinga for tildelinga av prisen
Denne personen starta som flaggberar i 2002, då var ho støtteperson til to spelarar med funksjonsnedsetting, som ho henta og tok seg av både før, under og etter øvingar og spel.
Ho har aldri vere Herøybarn, sidan ho kvart år vart spurt om å vere flaggberar igjen, og snill som ho er, så sa ho ja.
I 2012 vart ho tilsett som dagleg leiar i Herøyspelet. Etter litt vanskeleg økonomi gjekk ho inn i styret 2014, for så å ta over som styreleiar noko ho framleis er.
Og dette er ikkje ein løna jobb, her er alt basert på frivillig innsats, og det er ikkje måte på kor mykje arbeid det ligg i ei slik rolle.
Vi har snakka med folk som jobbar tett på henne og dei seier dette:
Dette er ei vanvitig dyktige dame, ho sprett i frå det eine til det andre, tek raske avgjersler som er gjennomtenkte og det er klokt det ho kjem med.
Ho har alltid godt humør, tek alle innspel på ramme alvor, og behandlar folk med genuin varme.
Ho har alltid godt humør, står på døgnet rundt, er på spelet og gjer alt som trengst, i frå å skaffe sponsorar, kontraktar, har ansvar for marknadsføringa, innkvartering av skodespelarar,
er hovedkontakt mellom regissør og profesjonelle skodespelarar, til å vere vakt, eller rydde og vaske toalett, og er stort sett den siste som går frå plassen for å sørge for at alt er i skjønnaste orden.
Ho har eit blikk for alle, og i staden for å lage komitear der det ikkje trengst, gjer ho det heller sjølv.
Komitear er her sjølvsagt, dette er teamarbeid, men ho held orden på alle og har god oversikt og innsikt i oppgåver. Ho har eit stort ansvar men eit desto større hjerte for Herøyspelet!
Ho møter alle med same varme, alle føler seg sett!
Ho er også veldig aktiv i frikyrkja, har hatt barnekoret Baluba i mange år, ho har undervist konfirmantar og dei siste 5-6 åra har ho våre frivillige konfirmantleiar.
Kvar måndag klokka18.00-20.00 har dei konfirmantundervisning i frikyrkja, og då er Linn-Therese der i lag med ungdommane. Dei har samtalegrupper, leik og moro. Ho er med på planlegging av konfirmantgudstenester, og er med konfirmantane på leir.
Ho er også med på «buss til impuls» som er ein kristen ungdomsfestival i Trondheim kvart år.
Ho har ei unik evne til å få folk til å føle seg sett og unike- difor diggar ungdommane Linn-Therese!
Det siste no er at ho er dagleg leiar i Fyr til fyr! Daniel Shjelderup, ein av initiativtakarane til dette arrangementet som starta for nokre år sidan, han seier at han er svært takknemleg og glad for å få Linn-Therese med på laget. Ho er flink til å engasjere folk, og dei seier ja til det ho spør dei om.
Å vere dagleg leiar for eit slikt stort arrangement er ein stor jobb og krevjande, det inneberer å organisere og koordinere alle frivillige 100-200 personar.
Der alle skal ha dei rette beskjedane og få satt i sving det dei skal gjere, ho held styr på heile gjengen.
Med Linn-Therese på lag, så er det berre å trykke på ein knapp, så er ein i gong, ho er knallgod!
Ho seier alltid JA når ho blir spurt om å vere med. Det kan koste litt, men då laddar ho og så er det «påan igjen». Vi gratulerer Linn-Therese med prisen!