Herøy kommune
I høve FN`s internasjonale dag for frivilligheit 5.desember, vil vi lyse ut årets frivilligpris.
Herøy sin frivilligpris skal bidra til å gje positiv merksemd tilbake til dei frivillige organisasjonane, gjennom å påskjønne godt frivillig arbeid.
I tillegg til heider og ære får prisvinnaren ein plakett, blomar og ei pengegåve på 5000,- gitt av Frende forsikring.
Kriterier/retningslinjer for prisen:
- Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal forening/gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet.
- Prisen skal synleggjere frivilligheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats.
- Frivilligheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeilast i eit tilsvarende mangfald blant prisens vinnarar.
Desse har fått frivilligprisen tidlegare år:
2011: Steinar Åheim
2012: Martin Slåttelid
2013: Alf-Rune Leirvik
2014: Saroya og Jeyakumar
2015: Heida Vel
2016: Alette Teige
2017: Jan Olaf Hareide
2018: «klede til glede»
2019: Leif Tjervåg
2020: Marit Lyster
2021: Stig Vestnes
2022: Kaja Runde
2023: Sigmund Nymark
2024: Linn-Therese Sævik
Med så mange engasjerte og dyktige folk som stiller opp frivillig i Herøy – tenkjer vi at det er lett for deg å sende oss eit godt begrunna forslag eller to. Kontaktinformasjon: frivillig@heroy.kommune.no, eller pr post: Herøy frivilligsentral, Lisjebøvegen 10 A, 6091 Fosnavåg.
Husk at fristen for å melde inn i år er 31.12.25. Dersom du har sendt inn tidlegare, tek vi gjerne imot same forslag også i år.