Full klaff med aktivitetsdag på Kjeldsund laurdag

I forbindelse med friluftslivets år 2025, har vi oppretta ei prosjektgruppe som skal jobbe med å skape fleire tilbod og aktivitetar for alle i Herøy kommune.  Prosjektgruppa heiv seg rund å søkte om midlar frå Sparebankstiftinga Søre sunnmøre, jammen -hadde dei trua på oss, og gav 200 000,- kroner til prosjektet.

Ein deltakar prøver seg på aktivitet - Klikk for stort bilete Prosjektgruppa

Ein av planane var å ta med vinterutstyr frå BUA, til lysløypa på Leikong, men snøen kom ikkje på seinvinteren i år. Det vart i staden gratis aktivitetsdag på Kjeldsund, noko vi ikkje angrar på. Det vart tinga ein stor buss, og der vart siste ledige setet fylt opp. 
 

I tillegg til dei som kom i privatbilar, var det omlag 100 deltakarar pluss alle frivillige. 
Prosjektgruppa køyrde med bilane sine som var fulle av utstyr frå BUA.  Slik at, i tillegg til det utstyret ein kan låne på Kjeldsund, fekk folk prøvd seg på SUP, packraft, våtdrakter, vasskikkert, hesteskokasting og andre kjekke hagespel. 
I gapahuken fekk dei prøvd seg med spikkekniv og grilling av noko søtt. 
 

Friluftsrådet kom med to ekspertar på friluftsliv, dei viste korleis ein set opp og tek ned telt, liggeunderlag, korleis bruke stormkjøkken og litt om kva klede ein bør ha når ein er ute på tur. 

Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps var leigde inn som vakter, noko som gjorde tryggheita ved sjøen betre. Dei hadde med ein ribb-båt og fekk til og med redda opp to personar som hamna i sjøen då kanoen dei sat i plutseleg velta. 
 

Redningsskøyta Idar Ulstein var det stor stas å få kome om bord i. Der fekk alle sjå seg rundt og slå av ein prat med mannskapet.. 
 

Trygve og teamet på Kjeldsund serverte grilltallerken og folk kosa seg med god mat og prat i teltet.  
Fuglemerkinga var utruleg fasinerande å få vere med på, med Trygve sin kunnskap om fuglar og smittande engasjement for dette. Dette må du få med deg ein gong det passar! 

Summa summarum - dette må vi gjere fleire gongar, var bestillinga i frå folket. Det fristar veldig å gjenta dette opplegget, så følg med framover, om det er noko du også kunne tenkt deg å delta på.

Takk til alle kjekke folk som tok sjansen og vart med på denne aktivitetsdagen. 
Tusen takk til mannskapet på redningsskøyta, til Sunnmøre friluftsråd, til Sørøyane røde kors, til Trygve og teamet på Kjelsund, til Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre, og sist men ikkje minst- til den sporty og kjekke gjengen med frivillige som var med å hjelpe til med utstyr og folk, dokke er gull verdt!

Helsing prosjektgruppa