Svein Arne Orvik
Arbeidsgivar- og arbeidstakarsida i kommunen jobbar målretta for at færre skal jobbe ufrivillig deltid og at fleire får heil stilling.
Vi ser no klare resultat: 54 fleire personar hadde 100 prosents stilling i 2023 enn i 2021, samtidig som fleire tenester har fått færre tilsette. Det går fram av den siste årsrapporten til kommunen.
Det å jobbe for at fleire har heil stilling, kallar vi å fremje ein heiltidskultur. Dette gjer vi konkret:
- Før vi lyser ut ei stilling, undersøker vi om vi i staden kan auke stillingsprosenten til nokon som jobbar deltid.
- Når vi skal rekruttere nye medarbeidarar, vurderer vi alltid om vi skal lyse ut heile stillingar.
- Vi jobbar med at fleire skal sjå verdien av at flest mogleg har heil stilling.
Derfor er det bra om fleire jobbar heiltid
Når vi har fleire heiltidstilsette blir det
- meir stabile arbeidsforhold for dei tilsette
- betre kvalitet i tenestene for brukarane våre
- lettare å planlegge drifta godt
Framleis har mange ei deltidsstilling. Ein del ønsker det, og nokre treng det på grunn av helsa.
– Målet vårt er uansett å følge opp alle som jobbar deltid og spørje om dei helst vil jobbe heiltid. Pleie- og omsorgsavdelinga er den eininga som har kome lengst i dette oppfølgingsarbeidet, seier Ann Kristin Eiken.