Gler seg til å byrje som bibliotekleiar i Herøy

– Eg brenn for eit ope og inkluderande bibliotek der alle kjenner seg velkomne og vil vere, seier Randi Tveit Solheim, den nye bibliotekleiaren vår.

Portrett av Randi Tveit Solheim - Klikk for stort bilete privat

Solheim tek til i Herøy kommune 12. juni og kjem frå stillinga som biblioteksjef i Bremanger kommune. 

– Mykje har endra seg sidan eg byrja å arbeide ved bibliotek. Det har vore spennande å vere med på utviklinga. No ser eg fram til å jobbe i eit anna bibliotek i ein annan kommune og eit nytt fylke. Og ikkje minst bli kjent med masse nye folk, seier Solheim. 

– Eg brenn for eit ope og inkluderande bibliotek der alle kjenner seg velkomne og vil vere – og får det dei ønsker av film, litteratur og andre kulturopplevingar, seier ho.

Erfaren bibliotekleiar

Randi Tveit Solheim budde i Herøy som barn og har sidan budd og arbeidd i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord – i tillegg til i Oslo, der ho studerte.

–  Etter bibliotekhøgskulen i Oslo hadde eg eit vikariat for biblioteksjefen i Høyanger, før eg vart biblioteksjef i Førde. Då heimkommunen min, Bremanger, trengte ny biblioteksjef fann eg det praktisk å søke på den, sidan familien min framleis budde i Bremanger og eg slapp pendlinga frå Førde. Eg angra ikkje på det og har vore i den jobben sidan år 2000, fortel Solheim. 

Ved sida av jobb har ho studert mellom anna kunsthistorie, filosofi og leiing og norsk filmhistorie.

– Kunst er viktig påfyll

– Privat likar eg godt å reise, eg tek gjerne bilen og køyrer nedover Europa eller flyr til ein varm stad ved Middelhavet. I kvardagen går eg mykje turar, ikkje akkurat toppturar, men eg er glad i å gå i skogen og på moderate fjellturar, seier Solheim.

– Kunst og kultur er viktig påfyll for meg og eg besøker både galleri, flotte katedralar og andre spennande mål når eg er ute og reiser. Og det er interessant å lese bøker frå stader eg har planar om å besøke på ferieturane. Eg likar godt å fotografere og har også drive ein del med teikning og litt maling, fortel Solheim.

Vi ønsker ho varmt velkomen til Herøy!