Har du innspel til planstrategien vår?

Kva for planar bør kommunen prioritere å lage i åra framover? No kan du kome med innspel.

illustrasjon av ein bunke av planstrategiar - Klikk for stort bilete illustrasjon

Vi har utarbeidd eit utkast til planstrategi 2024–2027 for Herøy kommune. Planstrategien er eit dokument som skal slå fast kva for planar vi skal lage framover.

No er utkastet på høyring. Det betyr at alle no kan seie meininga si om utkastet. Etter høyringa blir planen handsama i dei politiske organa. Til slutt skal kommunestyret vedta planstrategien.

Er det noko du saknar i utkastet til planstrategi? Er det noko du meiner bør bli omtalt på ein annan måte i dokumentet?

Då bør du melde ifrå no. Fristen for å gi tilbakemelding er 24. mai.

Drøftar planbehov for åra 2024–2027

Kommunen skal bruke planstrategien som eit styringsdokument – slik at vi gjer gode prioriteringar i planoppgåvene i åra som kjem. Planstrategien skal drøfte

  • den demografiske utviklinga i kommunen
  • næringsliv og kompetanse
  • areal, miljø og klima
  • levekår og folkehelse
  • dei kommunale tenestene og Herøy kommune som organisasjon

Ut frå drøftinga av desse områda peikar planstrategien på nokre hovudutfordringar. Og hovudutfordringane legg så føringar for kva planar vi må prioritere å lage.

Slik seier du meininga di om utkastet

Du kan sende innspela dine i dette digitale skjemaet. 

  • I feltet årstal skriv du 2023.
  • I feltet mappenummer skriv du 3103.

Du kan også sende innspel i posten. Adressa er: Herøy kommune, postboks 274, 6099 Fosnavåg. Merk også det du sender i posten med mappenummeret 23/3103.

Les utkastet til planstrategi 2024–2027 her. (PDF, 2 MB)

Til planstrategien er det også utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag. 

Les utkastet til kunnskapsgrunnlag for planstrategi her.