Herøy kulturskule – 50 år i år

Hald av 15. juni: Då har vi jubileumsmarkering for den populære og tradisjonsrike kulturskulen vår.

dansarar på scena i kulturhuset - Klikk for stort bileteFrå framsyninga Be’glorious 2023 med Herøy kulturskule. Rune Paulsen

21. januar 1974 var første undervisningsdagen i Herøy musikkskule. Sunnmøre Arbeideravis kunne måndag 7. januar melde: 

«Søknaden til musikkskulen har vore overveldande. Ein rekna med 150 søkjarar, men fekk over 500.»

Det er veldig mange av Herøy sine born og unge som har vore innom skulen og lært seg eitt eller fleire instrument i løpet av dei 50 åra som har gått. Fleire av dei har gjort musikk til sin leveveg. 

Mange spelar framleis på eit instrument i godt vaksen alder, og har det som ein fin og meiningsfylt fritidsaktivitet.

Tre av ti er med i kulturskulen vår

I 1989 vart omgrepet musikkskule erstatta med kulturskule, og skulen vart heimla i opplæringslova. Då kom også kunstfag og drama/teater inn i skulen, i tillegg til dans, song og musikkinstrument. 

Vi fekk då ein skule som kunne tilby opplæring til dei som ynskjer noko utover det som grunnskulen tilbyr i estetiske fag.

Over 30 prosent av alle born og unge som går i grunnskulen i Herøy, deltek på eitt eller fleire fag i kulturskulen. Dette skuleåret har vi om lag 420 elevplassar, der nesten halvparten er på dansegrupper.

Få med deg jubileumsmarkeringa 15. juni

Laurdag 15. juni blir det stort show på Herøy kulturhus med ein miks av dans, band, instrument og songarar på scena. Dette blir også ei jubileumsmarkering for Herøy kulturskule som vi inviterer ordførar, kommunedirektør, politikarar og alle andre til å vere med og oppleve.

Det er verdt å feire at vår eigen kulturskule har vore aktiv i heile 50 år!

Jubileumsmarkeringa er på Herøy kulturhus 15. juni, og du kan vere publikum både klokka 13.30 og 17.00.

Følg med: Her kan du etter kvart kjøpe billettar.

Rune Paulsen
rektor ved Herøy kulturskule