Herøy og Sande skal arrangere UKM fylkesfestival 2023

Herøy og Sande kommune samarbeider om å vere vertskommunar for fylkesfestivalen til UKM i Møre og Romsdal.

Bilde av deltakarar på fylkesfestivalen i 2022 - Klikk for stort bileteStor stemning på fylkesfestivalen i 2022. Martin Giskegjerde / UKM
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Dette året er det ikkje berre ein kommune, men to kommunar som tek på seg rolla som arrangør saman med fylkeskommunen.

 Det er fantastisk at kommunane kryssar kommunegrensene og vil gå saman om å vere vertskommunar for fylkesfestivalen, seier Ronja Voldsund, prosjektleiar for UKM fylkesfestival.

Fylkesfestivalen blir arrangert i skolens haustferie, frå 9. til 12. oktober. Sjølve festivalområdet blir i Herøy kulturhus og Herøyhallen, alt samla i same bygget. 

 Fylkesfestivalen 2022, som blei arrangert i Hustadvika kommune, var ein stor suksess med mykje gode tilbakemeldingar frå både ungdommar og vaksne. Dette gjer at vi vel å legge fylkesfestivalen til same tidspunkt i år, seier Ronja Voldsund. 

Heidundrande festival

Også dei to vertskommunane gler seg til at ungdommar frå heile Møre og Romsdal samlar seg i Fosnavåg.

Herøy kommune gler seg til samarbeid med Sande kommune og fylkeskommunen og er sikker på at det blir ein heidundrande fylkesfestival, seier Mona-Grethe Ryssevik, seksjonsleiar i kulturavdelinga i Herøy kommune. 

UKM fylkesfestival er del av ein ny UKM-modell med meir fokus på tryggleik og det sosiale, og mindre fokus på konkurranse.

Her skal det vere trygt å uttrykke seg, og UKM er ein meistringsarena der ungdom får utvikle seg i uttrykket sitt, seier Ronja Voldsund. 

(Artikkelen er laga av Møre og Romsdal fylkeskommune.)