Innovasjonscampen i gang: Mange moglegheiter i Herøy!

Elevane og bedriftene i Herøy jobbar saman i den aller første innovasjonscampen denne veka. 

Frå lanseringa av innovasjonscampen tidlegare i år. Frå venstre: rektor Tore Tangen ved Stokksund skule, teknisk sjef Svein Rune Smådal i Havila Shipping, kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy i Herøy kommune, rådgivar Johanne Nørvåg ved Stokksund skule, rådgivar Elisa Giskeødegård Hareide frå Ytre Herøy ungdomsskule, dagleg leiar Sissel Ødegård i Herøy næringsforum og rektor Helge Hamre ved Ytre Herøy ungdomsskule. Thomas Sporsheim

Det er fyrste gong Herøy kommune i samarbeid med Herøy næringsforum arrangerer innovasjonscamp. 

Det har vore stor interesse frå næringslivet å delta i ulike prosjekt, og fleire spennande  bedrifter har blitt plukka ut til å vere med på Innovasjonscampen. Det har kome inn mange varierte oppdrag som også vil vise spennet i kva for næringar og yrke som heimkommunen har å by på.

Betre kjende med det lokale arbeidslivet

Målet med prosjektet er at elevane skal bli betre kjende med det lokale arbeidslivet, og såleis sjå nokre av dei mange mulegheitene som finst i kommunen. Vi ønskjer også å fremje nysgjerrigheit, motivasjon og kreativitet med tanke på seinare gründerverksemd.

Innovasjonscamp-programmet gir elevane på 9. trinn eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling som dei skal arbeide med i ei skuleveke. Oppdraget får elevane frå offentlege og private bedrifter. Elevane skal arbeide med oppdraget i grupper, og presentere løysinga for ein jury som skal kåre  vinnarane. 

Samarbeid med lokalt arbeidsliv er sentralt i ein Innovasjonscamp. Den eksterne oppdragsgivaren gir elevane den bakgrunnsinformasjonen dei treng for å løyse utfordringa dei har fått, og rettleiar undervegs. 

Presentere resultatet for ein jury

Programmet startar måndag med kick-off på Ytre Herøy ungdomsskule, der bedriftene gir ein kort presentasjon. Deretter får elevgruppene trekke oppgåve og følgjer bedrifta ut på arbeidsplassen for å få meir kunnskap for å løyse oppgåva.

Gruppene arbeider med oppgåva fram til torsdag morgon, der dei skal presentere resultatet for ein jury samansett av ordføraren og representantar frå næringsliv, kommune og Ungt entreprenørskap.  Juryen kjem fram til topp 3 med grunngjeving.

På torsdag kveld blir det premiefest på Herøy kulturhus, med representantar frå bedriftene, kommunen og familiane.

Prosjektet er delfinansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune.