Interessant foredrag frå mobbeombodet

Tema var inkludering og trygt og godt klassemiljø då mobbeombodet Kristin Øksenvåg vitja Einedalen skule sist veke.

portrett av Kristin Øksenvåg - Klikk for stort bilete Møre og Romsdal fylkeskommune
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Det er alltid godt å kjenne at ein er litt i forkant, og at forebygging er meir effektivt enn reparasjon er ei kjent sak. Det er heldigvis lite kjent mobbing på skulen vår, og det ser ut til at elevane har det godt her. Det er vi veldig glade for! Difor vart alle vaksne på skulen glade då det viste seg at mobbeombod Kristin Øksenvåg hadde høve til å besøke oss. Vi inviterte til foredrag og foreldremøte der tema var inkludering og trygt og godt klassemiljø.

Vi starta med at Kristin Øksenvåg heldt eit inspirerande og lærerikt foredrag. Der fekk vi høyre om korleis haldningar og handlingar i foreldregruppa er med på å forme eit godt klasse- og skulemiljø, og vi fekk fleire konkrete tips til korleis skulen og heimane best kan samarbeide og dra i same retning, slik at barna våre skal ha gode oppvekstvilkår.

Etter foredraget har alle klassene hatt foreldremøte der emnet vart diskutert. Foreldregruppene har lagt mange godt planer for vidare arbeid med inkludering og miljø, både rundt i heimane, og i klassefellesskapet.