Unsplash
Vi ønsker å tilsette fleire kvalifiserte pedagogar. Derfor arrangerer vi og Høgskulen i Volda eit informasjonsmøte 27. januar.
Tid: klokka 17.00–19.00
Stad: kommunestyresalen på Herøy rådhus
På møtet vil du få høyre om mogelegheitene høgskulen gir til å ta
- barnehagelærarutdanning
- grunnskulelærarutdanning
- praktisk-pedagogisk utdanning
Vi som kommune vil informere om kva vi kan bidra med for at du skal kunne ta utdanning. Det blir også pizza og brus å få for alle som deltar på møtet denne ettermiddagen.
Er du interessert, men har ikkje høve til å møte fysisk? Då er viktig at du likevel melder deg på, slik at vi kan invitere deg til eit digitalt opplegg seinare.
Påmelding seinast 24. januar
Kom gjerne på møtet dersom du
- er elev i vidaregåande skule (over 18 år) og vurderer å ta høgare utdanning
- er vikar i skulen/barnehagen
- er ufaglært medarbeidar i skulen/barnehagen
- har familie og kanskje jobb, men har likevel lyst til å ta vidareudanning
- er leiar eller rådgjevar i skulen eller barnehagene
- er nysgjerrig og vil vite meir om lærarutdanningane og barnehagelærarutdanningane
Bur det ein lærar i deg? Då håper vi at du melder deg på – fristen er 24. januar.
Vel møtt!
Klikk her for å melde deg på.