Adobe Stock
Målgruppa for møtet er i hovudsak bønder. Eigarar av landbrukseigendom er også velkomne.
Tid: måndag 24. februar klokka 19.30–21.00
Stad: Herøy rådhus
Innhaldsrikt program
På møtet informerer landsbrukskontoret om ei rekke tema:
Produksjonstilskot
Landbrukskontoret gir generell informasjon om utfylling av søknadsskjemaet.
Ny retningslinjer for Tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) 2025–2028
Vi har laga nye retningslinjer for SMIL, dei bygger i stor grad på den føregåande strategiplanen.
Nye retningslinjer for Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK)
Det er også laga nye retningsliner for NMSK. Dette er tilskot til skogplanting og stell av plantefelt, bygging av skogsbilveg og til hogst/ tømmerdrift med taubane.
Digital løysing for søknad om nydyrking
Det er ikkje lenger mogleg å søkje om nydyrking på papirskjema, det skal no søkjast på elektronisk. Nydyrking gjeld dyrking til fulldyrka eller overflatedyrka jord frå til dømes område med arealklasse innmarksbeite eller dyrkbar jord.
Bakkeplanering – påfylling av jord
Det er søknadsplikt for å bakkeplanere fulldyrka jord og overflatedyrka jord.
Skal du planere eit område på meir enn eit dekar, må du søkje. Påfylling av jord kan og kome inn under regelen om bakkeplanering og vere eit søknadspliktig tiltak.
Driveplikt
Vi har sett oss mål om å starte opp arbeidet med Landbruksplan i Herøy kommune i haust. Oppfølging av driveplikta vert del av dette arbeidet.
Vi er godt i gang med å følgje opp driveplikta i Ulstein kommune.
I Hareid vert nye eigarar følgde opp etter kvart. Det skjer etter at vi sende brev til alle eigarar av landbrukseigedom for få år sidan.
Vel møtt!