Johan Moltu er vinnaren av kulturprisen

– Han skaper gode møteplassar, og han skaper miljø der han ferdast, seier varaordførar Bjarne Kvalsvik om vinnaren av kulturprisen i Herøy for 2022.

Varaordførar Bjarne Kvalsvik og prisvinnar Johan Moltu - Klikk for stort bileteFrå venstre: varaordførar Bjarne Kvalsvik og prisvinnar Johan Moltu på 17. mai-festen på Moltu. Privat

Varaordføraren overrekte prisen på 17. mai-festen på Moltu. 

Her er talen Kvalsvik heldt då Johan Moltu fekk prisen: 

«Eg har fått æra av å overrekke årets kulturpris for 2022 til ein person som er med oss her i dag.

Prisvinnaren har engasjert seg og vore synleg i lokalsamfunnet på mange område.

Han er ein aktiv kulturberar i kommunen vår, ein «ja»-mann. Han skaper gode møteplassar, og han skaper miljø der han ferdast. Motivasjonen er heile tida at dei som bur i kommunen, skal trivast, ha det kjekt og kunne forsyne seg av gode og byggjande tilbod. Med andre ord:

Han er ein verdig, komplett og fullvaksen kulturprisvinnar.

Årets kulturprisvnnar for Herøy kommune er Johan Moltu.

Men eg har lyst å fortelje litt meir om kvifor han fortjener prisen:

1. Turisme. Sidan han tok over MB Aquilaog eit innarbeidd turtilbod sjøvegen rundt Runde, har mange tusen tilreisande fått lære om havlandet Herøy, om fugleliv og fjøreliv, om skipsforlis, om naturmangfald og naturvern – ei reise i historia, ei miljøreise og ei reise i danning. Og Herøy har fått ein plass på kartet til dei mange.

2. Grunnlovsfeiring. I mange år har Johan teke på seg leiaransvar for 17. mai-feiringa i skulekrinsen sin, dei siste åra på Einedalen skule. Han er ein dyktig organisator, flink til å knyte til seg medhjelparar, oppteken av å skape identitet i lokalmiljøet, samle folket om dei verdiane vi målber på grunnlovsdagen. I tillegg har han hjelpt mange opprådde festkomitear rundt i bygdene med å stille som festtalar.

3. Herøy turlag. Leiaren i turlaget heitte lenge Johan Moltu. Sprek som han er, løyste han folk frå godstolen, gjekk føre i både bratt og flatt terreng, sytte for at alle hadde det bra, og skapte samhald og glede i flokken med sin lyse og oppmuntrande veremåte. Det vart kjekt og lettare å bruke naturen med Johan som førar og motivator.

4. Fysisk fostring. Johan har ikkje berre vore turgeneral, men òg trimgeneral. Då Terje Krogset flytta frå kommunen, vart sjukeheimen opprådd for «gym-instruktør». Johan såg stort på at også pensjonærane på sjukeheimen trong eit tilbod som både kunne vere sosialt og helsefremjande. Og slik vart det.

5. Bygderadio Vest. Kven kjenner ikkje Johan frå denne radioen og særleg programposten Møteplassen. Her har han henta inn og samtalt med menneske som har opplevt eller vore med på noko spesielt. Og tema har femna vidt.

6. Kveldsmesse. Med tanken om å få til kveldsmesser i Herøy kyrkje måtte det setjast ned ei nemnd. Johan hadde stor sans for eit slikt tilbod i kyrkja og var i lengre tid medlem i kveldsmessenemnda. Han har fleire gonger leidd samtalen med kveldens gjest. Grundig førebudd og med sin ledige veremåte skapte han ein interessant arena for tema og spørsmål mange er opptekne av.

7. Herøy sogelag. Utan å ta frå andre aktive i sogelaget ære for innsatsen deira, må det kunne seiast at Herøy sogelag i mange år har vore Johan Moltu, og Johan Moltu har vore sogelaget – ein primus motor for å dokumentere og spreie lokalhistoria om folk og næringsliv. Her kan nemnast det store løftet med Herøybøkene, dessutan båtbøkene, der band 2 no er under arbeid. Sogelaget har aldri hatt så mange medlemmer som no, og er av dei største lokallaga i sitt slag i landet. Kven har ikkje sett Johan på stand med bøker og herøykalendrar – og klar til å teikne nye medlemskap. Som ein av tre redaktørar for Folk og Fortid jaktar han utrøytteleg på leseverdige personar og tema, og nyt godt av at han kjenner mange og mange kjenner han.

8. Politikk. Engasjementet for lokalsamfunnet førte Johan i si tid inn i kommunestyret, først for Venstre, seinare for Folkelista. Saman med partifeller i Venstre etablerte han Miljøprisen som ei påskjøning til eldsjeler som gjer ein ekstra innsats for å ta vare på og verne om naturen, eller som byggjer mellommenneskelege relasjonar gjennom omsorg for enkeltmenneske eller folkegrupper, t.d. flyktningar. I forlenginga her kan òg nemnast at Johan har vore aktiv i Amnesty, ein verdsomspennande organisasjon som arbeider for at dei grunnleggjande menneskerettane skal gjelde for alle.»