I ein samanslåingsprosess er godt samarbeid, trygging og relasjonsbygging mellom elevar og tilsette noko av det aller viktigaste å ha fokus på. Leikanger, Stokksund og Moltu skular er allereie i full sving med ulike samarbeid, både for elevar og tilsette. Allereie no i vår har det vore sett av tid til fleire felles møtepunkt og aktivitetar for elevane. Dette for å skape ein felles arena der elevane får byrje å bli kjent med kvarandre, bygge relasjonar til kvarandre og bli tryggare på kvarandre som framtidige klassekameratar.
9.april vart det arrangert ein sosial samankomst for 7.klassingane, der dei hadde ulike bli-kjent leikar og felles måltid med taco på menyen. 22.mai vart det arrangert ein felles dag for alle klassetrinna og tilsette. Alle saman møtte opp på Stokksund skule om morgonen der det var felles oppstart og informasjon om dagen. Vidare vart elevane delte inn klassevis for å bli kjent med dei som dei skal gå i klasse med skuleåret 26/27. Elevane frå Moltu og Leikong fekk omvisning av elevane på Stokksund, og elevgruppene hadde ulike bli-kjent-leikar og andre kjekke aktivitetar ilag. Dagen vart avslutta med felles kulturarrangement; “La Belle Dance” gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS). Lærarane planlegg også for ein felles idrettsdag. Denne vert gjennomført på tampen av året dersom tida strekk til. Om ikkje vert den arrangert i haust når nytt skuleår tek til.