Omholt kjem frå Arendal og har budd i Herøy sidan 1990. Ho fyller snart 63 år, er gift og har to vaksne barn og to barnebarn.
– Gjennom åra har eg arbeidd ulike stader i landet og studert både i Noreg og i utlandet. Dei seinare åra har eg tatt psykologutdanning, og frå tidlegare har eg utdanning som hjelpepleiar og sosionom. Eg har også studert organisasjonsfag og rettleiingspedagogikk, fortel Omholt.
Gler seg til å bruke kunnskapen
Ho har bakgrunn frå arbeid i sosialtenesta i ulike kommunar. Og dei siste åra har ho jobba innanfor pedagogisk-psykologisk teneste, barne- og ungdomspsykiatri og vaksenpsykiatri.
– Eg har alltid hatt breie faglege interesser. Som kommunepsykolog gler eg meg til å bruke kunnskapen eg har frå både psykologifaget og frå annan erfaring, sidan det er ei omfattande stilling, seier Omholt.
Kommunepsykologen skal jobbe med
- helsefremmande og førebyggande arbeid
- tverrfagleg samarbeid
- rettleiing og fagstøtte til ulike profesjonsgrupper i kommunen
- deltaking i systemarbeid, planarbeid og fagutvikling
- klinisk arbeid, kartlegging og avklaring av behov
- deltaking i det psykososiale krisearbeidet i kommunen
Innbyggarar kan bli tilviste via fastlegen
– Eit viktig mål er å gjere dei tilsette i kommunen mest mogleg trygge på det å møte innbyggarane i ulike livssituasjonar. Eg vil også vere tilgjengeleg for innbyggarar som har behov for samtale med psykolog, i eit visst omfang, seier ho.
Innbyggarar kan be om å bli tilviste til kommunepsykologen via fastlegen eller andre kommunale tenester.
Omholt fortel at på fritida er ho glad i å vere saman med familie og venner – og å gå fjellturar.
– Då vel eg gjerne turmåla som er med i Ti på topp-ordninga i Herøy, legg ho til.
Vi ønsker ho varmt velkomen som tilsett i kommunen!