Kommunevåpenet kåra til det finaste

Herøy rådhus er tidlegare kåra til det finaste på søre Sunnmøre. Også kommunevåpenet er det finaste i området, ifølge ei ny kåring.

Bilde av Even Nævdal i Nærnett og ordførar Bjørn Prytz. - Klikk for stort bileteEven Nævdal i Nærnett delte ut diplomet til ordførar Bjørn Prytz. Svein Arne Orvik
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Det er lesarane til nettavisa Nærnett som har rangert dei sju kommunevåpena på søre Sunnmøre.

Torsdag fekk ordførar Bjørn Prytz overrekt diplomet av Nærnett-redaksjonen. 

– Eg er svært glad for at det fantastiske kommunevåpenet vårt får denne anerkjenninga, sa Prytz.  

Kommunevåpenet viser to motstilte skipsstamnar i sølv mot ein blå bakgrunn. Våpenet blei godkjent i 1987. Dagens utgåve av kommunevåpenet vart vedteken av kommunestyret i 2021. Då fekk kommunen ny grafisk profil. 

I 2022 kåra Nærnett Herøy rådhus til det finaste på søre Sunnmøre. Nærnett blir gitt ut av journalistutdanninga til Høgskulen i Volda. 

Les meir om kåringa av det finaste kommunevåpenet i Nærnett.