Svein Arne Orvik
Marit Sævik Leinebø er til vanleg avdelingsleiar for service i kommunen. Tidlegare har ho blant anna arbeidd som kyrkjeverje i Herøy sokn, og ho er utdanna ved Universitetet i Oslo og Høgskulen i Volda.
Leinebø blir konstituert som kommunalsjef frå 1. august og inntil vidare.
Bakgrunnen er at Tor Halvar Botnen, kommunalsjef for samfunnsutvikling, skal over i ei tilsvarande stilling i Volda kommune.
Vi gratulerer Leinebø med den nye stillinga!