Svein Arne Orvik
– Dette er ei viktig stilling for Fosnavåg og Herøy for å skape aktivitet og utvikling. I den situasjonen Herøy kommune står i er det avgjerande at næringslivet no bidreg til å få dette på plass, seier kjøpmann Jon Robert Moen ved Meny, ei av verksemdene som bidreg.
Næringslivet har på få dagar gitt 150 000 kroner til kronerullinga for å tilsette sentrumskoordinatoren. Kronerullinga er eit stort steg framover for å skape meir aktivitet i Fosnavåg sentrum.
Mens fylkeskommunen og næringslivet betaler lønna, stiller kommunen med kontorplass til sentrumskoordinatoren. Dermed får koordinatoren eit fagmiljø innanfor samfunnsutvikling å sparre med i det daglege.
Bli med på kronerullinga
Ein sentrumskoordinator vil vere nøkkelen til å skape eit levande og attraktivt sentrum. Ved å fungere som bindeledd mellom kommune og næringsliv, kan vi sikre eit blomstrande byliv. Erfaringar frå andre kommunar syner at dette gir fantastiske resultat.
Det trengst totalt 674 000 kroner frå næringslivet:
- Handel/servering og mindre bedrifter blir oppmoda om å bidra med 2500 kroner per år over tre år.
- Anna næring/større bedrifter blir oppmoda om å bidra med med 10 000 kroner per år over tre år.
Bedriftene har fått tilsendt informasjon og skjema. Ta gjerne kontakt dersom du er næringsdrivande og vil bidra.
Kommunen takkar alle som bidreg til å realisere dette viktige prosjektet.