Kvar fredag: Ta ein byprat med ein planleggar på biblioteket

I samband med byutviklingsarbeidet vårt vil ein planleggar vere på biblioteket kvar fredag klokka 13.00–15.00.

ein smilande mann  - Klikk for stort bileteOle Magne Rotevatn, leiar for utviklingsavdelinga, er klar for å ta imot innspela og spørsmåla dine. Wenche Moltu

Her kan du stikke innom, heilt uformelt, og slå av ein prat og spørje om det du lurer på – eller kome med gode innspel eller idear.

Vi kan ta opp kart og sjå på dei i lag – eller gå gjennom utviklingsplanen som kommunestyret vedtok i september.

Du kan også nytte høvet til å spørje om andre ting som gjeld planarbeidet i Herøy kommune.

Det nye biblioteket ligg i Rådhusgata 12 i Fosnavåg.

Vel møtt!