Midlar til inkludering av barn og unge

Herøy kommune er tildelt 163 000 kroner i tilskot frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) til inkludering av barn og unge. Du kan no, og så langt midlane held, søke om støtte til ulike aktivitetar.

Ungdom i kinosalen med popcorn. - Klikk for stort bilete Illustrasjon frå Adobe Stock

Målet med tilskotsordningane er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Midlane fordelast mellom to ulike tiltak: opplevingskort og kontantkasse.

Opplevingskort

Opplevingskortet kan tildelast born og unge i alderen 0-25 år i familiar med svak økonomi. Føresette til barna kan også søke om å få opplevingskort for familieaktivitetar der dei deltek. Opplevingskortet er ikkje eit fysisk kort, men ei ordning der ordinære årskort og billettar vert dekt gjennom ordninga.

Døme på kva ein kan søke om å få dekka gjennom opplevingskortet:

  • Kinoframsyningar og snacksmeny ved Fosnavåg kino
  • Konsert- og kulturframsyningar ved Fosnavåg konserthus
  • Sunnmørsbadet, enkeltbillett/klippekort
  • Aktiv Trening, månadsabonnement
  • Transport buss/hurtigbåt, månadskort/FRAM Ung

 

Søknad kan leverast av familiemedlem over 18 år

Du søkjer på ordninga her.

Kontantkasse

Kontantkassa skal bidra til at fleire barn og unge har råd til å delta i organiserte fritidsaktivitetar. Ordninga er for barn og unge i alderen 6-18 år som ikkje har moglegheit til å delta i fritidsaktivitet av økonomiske grunnar. Frå Kontantkassa kan ein få inntil 2400 kroner i tilskot per person per år. Det kan vere støtte til kontingentar, utstyr og deltaking i turneringar og konkurransar.  Ein kan også søke støtte til ein elevplass per barn i kulturskulen (maks 2400,- per kalenderår). Det er ikkje mogleg å få støtte frå kontantkassa til meir enn ein elevplass per barn i kulturskulen. Men legg merke til at kulturskulen har eigne rabattar. For eksempel blir prisen lågare dersom fleire barn i same familie har plass i kulturskulen.

Barnet eller familien kan ikkje søke midlar frå Kontantkassa sjølv. Det er laget/organisasjonen (idrettslaget, korpset, koret etc.) som kan sende søknaden til kommunen, etter å ha vurdert behovet for søknad.

Ressurspersonar som arbeider i kommunen, eksempelvis helsesjukepleiar, miljøarbeidar, barnevernsteneste m.m. kan også søke.

Du kan søkje om ordninga i dette skjemaet.

 

BUA vil kunne låne ut utstyr til ulike aktivitetar.