Ny avdelingsleiar for pleie og omsorg

Gry Dragsund-Vike har byrja som leiar for pleie- og omsorgsavdelinga.

portrett av Gry Dragsund-Vike - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Ho kjem frå stillinga som seksjonsleiar ved Myrvåg omsorgssenter.

– Pleie og omsorg er ei spennande avdeling å jobbe i. Eg gler meg til å kunne få fortsette på den gode jobben som er gjort. Noko av det viktigaste blir å halde fram med å planlegge gode tenester som dekker ulike omsorgsbehov. Det å jobbe for å behalde og rekruttere fagpersonar til Herøy blir også ei viktig oppgåve i jobben, seier Dragsund-Vike.

Ho er sjukepleiar og har vidareutdanna seg i leiing, kartlegging av nettverk, ressursar og samarbeid med frivillige, helserett og saksbehandling, offentleg rett og kommunal økonomi.

Seksjonsleiar sidan 2015

– Då leiarstillinga i pleie- og omsorgsavdelinga blei lyst ut, var det ei moglegheit eg ikkje kunne la gå frå meg, sjølv om eg nett hadde takka ja til stillinga som avdelingsleiar for legetenesta, seier Dragsund-Vike.

– Eg har for det meste jobba i Herøy kommune. Eg har bakgrunn frå sjukeheim og heimeteneste, og eg har vore bustadkonsulent. Sidan 2015 har eg vore seksjonsleiar i Myrvåg, fortel ho.

– Sikrar kvalitet og kontinuitet

Gro-Anette Frøystad Voldsund, kommunalsjef for helse og omsorg, er takksam for at den nye pleie- og omsorgsleiaren var på plass 28. august.

– Med bakgrunnen til Gry sikrar vi både kvaliteten og kontinuiteten i tenestene, seier Voldsund.

Dragsund-Vike bur i Fosnavåg, er gift og har tre barn. På fritida er ho glad i å gå på fjellet og å lese bøker.

Vi gratulerer med den nye stillinga!